Kantorsporvar er ei biologisk slekt Certhidea av to fugleartar i tanagarfamilien, Thraupidae. Begge er endemiske til Galápagosøyane, og saman med tre tilhøyrande slekter, er dei kollektivt kjente som Darwins finkar. Fram til det siste var dei klassifiserte i busksporvfamilien, Emberizidae, men no har nyare studium vist at dei høyrer heime i tanagarfamilien. Gråkantorsporv, Certhidea fusca, blei anerkjent som ein sjølvstendig art i 2008, tidlegare var desse to rekna som konspesifikke; men dei har ulik song, føretrekk ulike habitat og lever på ulike område på Galápagosøyane. __NOTOC__ Artslista Certhidea i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Grønkantorsporv, Certhidea olivacea, Green Warbler-Finch, Gould, 1837, (LC) Gråkantorsporv, Certhidea fusca, Gray Warbler-Finch, Sclater & Salvin, 1870, (NN)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Warbler-finch» frå , den 4. februar 2013.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tanagarfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Galápagosøyane Kategori:Fugleslekter