Ståle Dyrvik () er ein norsk historikar fødd i Vågan i Nordland, oppvaksen i Etne i Hordaland. Han har for det meste forska på norsk historie i tida mellom om lag 1600 og 1814, lokalhistoria for Etne, samt i særemnet historisk demografi. Dyrvik har ho også arbeidd med sosialhistorie og mentalitetshistorie. Han var førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen frå 1975 til 1988, sidan professor ved same instituisjonen.
Dyrvik gav i 1968 ut fyrste bandet av fembandsverket Etne-soga, eit verk han fullførte i 1995. Dei fyrste banda var sentrale verk i utviklinga av den bygdesoge-sjangeren. Ut av arbeidet med lokalhistoria i Etne leverte han i 1971 hovudfagsoppgåva Befolkningsutvikling og sosiale tilhøve i Etne prestegjeld 1665–1801.
Bibliografi i utval Etne-soga, bd. 1–5, Bergen 1968–95 Norge under eneveldet: 1720-1800, 1976 Den lange fredstiden 1720-1784 bind. 8 i Cappelens Norgeshistorie, 1978 Historisk demografi. Ei innføring i metodane, 1983 Mellom brødre 1780-1830 bind 7 i Aschehougs Norgeshistorie] ISBN 82-03-22020-7, 199 Truede tvillingriker 1648-1720 bind 3 i firebandsverket Danmark-Norge 1380-1814 ISBN 82-00-12676-5, 1998 Norsk historie 1625-1814: vegar til sjølvstende bd 3 i serien Norsk historie ISBN 978-82-521-5183-1, 1999 Den demografiske overgangen Utsyn & innsikt, Samlaget ISBN 82-521-6166-9, 2004 Året 1814 Utsyn & innsikt, Samlaget ISBN 978-82-521-6570-8, 2005
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ståle Dyrvik» frå , den 8. februar 2013.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske historikarar Kategori:Folk frå Etne Kategori:Folk frå Vågan