Bjørn Ingvald Bjørneboe () er ein norsk prest, biletkunstnar og bokillustratør.
Bjørn Bjørneboe tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1968 og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1970. Han hadde samanhengande presteteneste som høvesvis residerande kapellan i Bjarkøy i Troms og prest i Nidaros domkyrkje fram til 1990, då han søkte avskil for å vie seg heilt til det kunstnariske arbeidet.
Bjørn Bjørneboe har inga formell kunstutdanning, men debuterte på Haustutstillinga allereie i 1966, då han var midtveges i dei teologiske studia sine. I 1977 vart han medlem med røysterett i NBK (Norske Biletkunstnarar). Bjørn Bjørneboe har motteke ei rekkje stipend og hatt rundt 25 separatutstillingar. Han har illustrert meir enn 20 bøker og musikkhefte og motteke fleire prisar, blant anna for årets vakraste bok. Bileta har ofte motiv frå Bibelen og kristen eller jødisk symbolikk.
Bjørn Bjørneboe er nevø til forfattaren Jens Bjørneboe.
Bokillustrasjonar Lista viser eit utval av bøker som Bjørn Bjørneboe har illustrert.
1976: Willy Abildsnes og Børre Knudsen: Det hellige bryllup – sanger – musikknotar 1980: Eysteinn Ásgrímsson (Broder Eysteinn): Lilja – gjendikting ved Knut Ødegård, utgitt på Tiden forlag 1982: Einarr Skúlason: Geisli – gjendikting ved Knut Ødegård, gjenutgitt i 2003 1985: Alfred Hauge: Vegen til det døde paradiset . Universitetsforlaget 1987–1988: Olav Duun: Juvikfolke 1986: Sven Kærup Bjørneboe: Våre spor slettes ut – et essay? en besvergelse 1991: Poetenes evangelium – Jesu liv i norske dikt – en antologi – ved Håvard Rem, utgitt på Bokklubbens Lyrikkvenner 1995: Jens Bjørneboe: Mitt hjerte – dikt i utval av Bjørn Bjørneboe, utgitt på Pax forlag 2002: Kaj Skagen: Livets tre – legender 2007: Egil Eikseth: Fra veikant til katedral – epistler – Luther forlag
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bjørn Bjørneboe» frå , den 10. februar 2013.
Bakgrunnsstoff Kort biografi og bildeeksempler CV hos Kunstnernes inormasjonskontor Flere bildeeksempler
Kategori:Norske prestar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Folk frå Kristiansand