Don Myrick () var ein amerikansk saksofonist.
Han spelte alt-, tenor- og sopransaksofon og var medlem av den originale blåserekkja til Earth Wind & Fire, som kalla seg The Phenix Horns Esq. frå 1975 til 1982. Tidlegare hadde Myrick vore medlem av musikkgruppa The Pharaohs. Myrick er òg rekna som grunnleggjaren av Association for the Advancement of Creative Musicians (AACM)
Somme av dei mest kjende saksofonsoloane er Phil Collins sin «One More Night», «Reasons» av Earth Wind & Fire og «After the Love Has Gone» frå albumet I Am. Han har spelt med mange kjende musikarar som Grover Washington, Jr. og Carlos Santana.«Saxophonist Donald Myrick fatally shot in drug probe», Jet, 23. august 1993. Myrick spelar på album av artistar som Bobby «Blue» Bland, The Dells, Regina Belle, the Mighty Clouds of Joy og Heaven 17.
Han fekk ein Grammy Award for beste R/B-instrumental med Earth, Wind & Fire-singelen «Runnin'» i 1977/78.
Myrick vart skoten og drepen i Los Angeles i California av ein politimann under ei narkotikaetterforsking.Chazanov, Mathis. Obituary. The Los Angeles Times, 15. august 1993. Medan dei prøvde å utføre ein ransakingsordre, trudde politibetjent Gary Barbaro ein butanlighter i handa til Myrick var eit våpen. Han avfyrte eit enkelt skot og trefte Myrick i brystet. Myrick døydde på sjukehuset kort tid etter, 53 år gammal. Famillien saksøkte byen for urettmessig dødsfall og fekk 400 000 dollar ved eit forlik.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Don Myrick» frå , den 11. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:Folk myrda med skytevåpen Kategori:Myrda musikarar