mini|Eit særs stort refleksjonsgitter. Eit gitter er i optikk eit system med tettliggjande parallelle linjer eller profilerte furer med like stor innbyrdes avstand. Det kan vere opp til 1800 linjer per millimeter. Gitteret kan liggje i ei plan glasplate eller i ein spegel som kan vere både plan eller konkav. Optiske gitter vert nytta for å studere diffraksjonen til lyset og til å finne bølgjelengda og energifordelinga til lyset. Dette vert kalla gitterspektroskopi.

Kjelder gitter – optikk. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/gitter/optikk

Kategori:Diffraksjon Kategori:Optisk utstyr Kategori:fotonikk