Olav Ingvaldsson Hagen () var ein norsk langrennsløpar som vann ein bronsemedalje for Noreg på 4 x 10 km stafett under vinter-OL i St. Moritz.

Karriere Hagen deltok vinteren 1948 i dei olympiske leikane i St. Moritz. Han vart nummer ni og beste nordmann på 18-kilometeren og var dermed klar for det norske stafettlaget over 4 x 10 km. Etter at Erling Evensen, Olav N. Økern og Reidar Nyborg hadde gått sine etappar, gjekk Hagen ut på sin etappe over tre og eit halvt minutt etter Finlands ankermann. Han var såleis utan reell moglegheit på sølvmedaljen, olympiameistrane frå Sverige var i ein klasse for seg og gjekk i mål nesten ni miuttar føre Finland, medan bronselaget frå Noreg var over elleve miuttar bak svenskane. Seinare i sesongen tok Hagen sølvmedaljen på tremila i noregsmeisterskapen, Leif Haugen vart ein suveren meister på distansen. Etter OL-sesongen la Hagen ned satsinga på idretten.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1947: Nr 5 på 18 km i Tistedalen Ski-NM 1948: Sølvmedalje på 30 km på Lillehammer

Kjelder P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957 Olav I. Hagen i olympedia.org

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1948