Push the Sky Away er det femtande studioalbumet til det australske alternativ rock-bandet Nick Cave and the Bad Seeds og kom ut 18. februar 2013 på bandet sitt eige plateselskap, Bad Seed Ltd. Det vart spelt inn i La Fabrique sør i Frankrike og er det første albumet til bandet utan Mick Harvey, som slutta i bandet i januar 2009.

Innspeling Push the Sky Away vart spelt inn i La Fabrique, eit platestudio i ein herregard frå 1800-talet i Saint-Rémy-de-Provence i Frankrike. Det vart produsert av Nick Launay, som produserte dei tre førre albuma til Nick Cave and the Bad Seeds og to studioalbum av Grinderman. Delar av innspelinga vart filma og klipp hamna i den offisielle traileren for albumet, posta på YouTube då albumet vart annonsert. Bandet gjekk i studio med Nick Cave sine uferdige idear og bandet skreiv songane ferdig i lag.

Komposisjon Om Push the Sky Away sa Nick Cave i pressa «om eg skulle bruke den loslitte metaforen om at album er som born, så er Push The Sky Away eit spøkelsesbarn i kuvøse og lydsløyfene til Warren er barnet sine små, skjelvande hjarteslag.» Songen vart skrive i løpet av ein tolvmånadersperiode og vart nedskrivne i ei notatbok av Cave. Notatboka inneheld merknader om songane på albumet, som vart komponerte ut frå «å google rare ting og eksotiske artiklar på Wikipedia, same om dei var sanne eller ikkje». I følgje Cave illustrer songane korleis Internett har påverka «viktige hendingar og mystiske absuriditetar» og «set spørsmålsteikn ved korleis me skal kjenne att og legge vekt på det som faktisk er viktig.»

Utgjeving Push the Sky Away vart annonsert 27. november 2012 og kom ut 13. februar 2013 på CD, LP, som digital nedlasting og som ein avgrensa CD/DVD og ein «Super Deluxe» plateboks. Den første singelen frå albumet var «We No Who U R», som vart tilgjengeleg for nedlasting den 3. desember.

Innhald

Medverkande Nick Cave: Fender Rhodes, piano, vokal Warren Ellis: Fender Rhodes, fløyte, gitar, loopar, synthesizer, bratsj, fiolin Thomas Wydler: Trommer Martyn Casey: Bass Barry Adamson: Bass

Andre medverkande Chris Dauray: Saksofon Jessica Neilson: Bassklarinett Ryan Porter: Trombone Conway Savage: Vokal James Sclavunos: Perkusjon George Vjestica: 12-strengsgitar, korvokal Natalie Wilde: Korvokal Antonio Beliveau: Korvokal Jason Evigan: Korvokal Martha Skye Murphy: Korvokal Aya Peard: Korvokal The Children of Ecole Saint Martin, Saint-Rémy-De-Provence: Korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Push the Sky Away» frå , den 19. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2013 Kategori:Nick Cave-album Kategori:Album produserte av Nick Launay Kategori:Engelskspråklege album