Ein elementærkvant er den minstemengda som ein fysisk målbar storleik normalt kan finnast i. Einskilde storleikar, spesielt elektrisk ladning og spinn finst i naturen berre som heiltalige multiplum av ein tilsvarande minste storleik, ein naturkonstant som blir kalla elementærkvantum. Det negative og positive elektriske elementærkvantumet svarar til høvesvis ladninga til elektron og protonet.

Kjelder elementærkvant. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/element%C3%A6rkvant

Kategori:Kvantemekanikk