mini|Fonologien mellom andre greiner av lingvistikken eller nivå i språkstrukturen. Fonologi er den greina av den allmenne lingvistikken som utforskar lydsystem i einskildspråk og allmennspråklege drag ved slike system.Per Linell 1979. Psychological reality in phonology: a theoretical study. (Cambridge studies in linguistics 25) Cambridge: Cambridge university press. Fonologien må skiljast frå fonetikken, som er læra om språklydanes natur, produksjon og persepsjon, uavhengig av lydsystem i einskildspråk.

Mange fonologar dreg i tillegg inn eit funksjonelt perspektiv. Det er språklydane som gjer at vi skil teikna i eit språk frå kvarandre perseptuelt og som såleis utgjer grunnlaget for språket som kommunikasjonssystem. Menneska kan produsere og oppfatte mange ulike lydar, og språka i verda skil seg sterkt frå kvarandre med omsyn til kva lydar og lydlege skilnader som blir utnytta. Settet av språklydar som eit einskilt språk utnyttar, kan i stor grad karakteriserast som eit system, det vil seie ei «gruppe av mindre einingar som lagar ein samordna eller samverkande heilskap.»

Skiljet mellom fonologi og andre lingvistiske disiplinar

Fonologien grensar i fyrste rekkje mot fonetikk, morfofonologi og morfologi, og grenseoppgangen er vanskeleg og omdiskutert.

Skiljet mellom fonologi og fonetikk er problematisk, både frå ein teoretisk og praktisk synsstad. Fonologisk forsking er umogeleg utan inngåande kunnskap i fonetikk, men samstundes avgjer fonologien i stor grad kva som er relevant fonetisk forsking. Mellom ulike fonologiske teoriar er det ei grunnleggjande usemje om tilhøvet mellom fonologi og morfofonologi. I strukturalistisk fonologi blir morfofonologien sett på som ein eigen disiplin mellom fonologien og morfologien, medan skiljet mellom fonologi og morfofonologi er oppheva i generativ fonologi. Morfologisering av morfofonologiske prosessar er eit allmennspråkleg tendens, som gjer at skiljet mellom morfofonologi og morfologi ofte er vanskeleg å trekkje.

Sentrale fonologiske termar For å kunne drøfte ulike teoretiske tilnærmingar til fonologien lenger nede, er det praktisk å innføre ein del sentral fonologisk terminologi, som kan delast i to grupper: Det fonologiske hierarkiet Dei fonologiske nivåa

Det fonologiske hierarkiet mini|Hierarki

Desse fem einingane utgjer eit fonologisk hierarki. Når eining X står rett over eining Y, tyder det at X er bygt opp av éi eller fleire einingar av type Y. Ei ytring er bygd opp av eitt eller fleire fonologiske ord, eit fonologisk ord er bygt opp av éi eller fleire stavingar, ei staving er bygd opp av eitt eller fleire segment, og så bortetter. Lista under er ikkje uttømande.

Ytring Fonologisk ord Staving Segment Trekk

Dei fonologiske nivåa

Eit fonologisk nivå er det same som ein fonologisk representasjon, og dei ulike fonologiske nivåa skil seg frå kvarandre mellom anna i abstraksjonsgrad, som i fonologien tyder avstand eller skilnad frå det som er direkte observerbart. Vi skal skilje mellom tre fonologiske nivå, med det mest abstrakte øvst og det minst abstrakte nedst. Ulike fonologiske teoriar skil seg frå kvarandre både når det kor mange nivå dei postulerer og kva dei kallar nivåa. Det morfofonologiske nivået Det fonemiske nivået Det fonetiske nivået

Fonologiske teoriar Vi skal drøfte den historiske utviklinga av fonologien i seks punkt: Eldre innsikter om fonologi Kazan'-skulen Strukturalistisk fonologi Pāṇiniansk morfofonologi i Nord-Amerika Generativ fonologi Bruksbasert fonologi

Eldre innsikter om fonologi

Trass i at fonologien som sjølvstendig lingvistisk disiplin knapt kan sporast lenger attende enn til 1870-talet, har fleire grunnleggjande idear i fonologien har vore kjende og diskuterte langt attende i historia, i fleire delar av verda. Her er nokre døme: Pāṇini (5. el. 6. hundreåret f. Kr.). Indisk grammatikar som skreiv om sanskrit. Sībawayhi (700-talet). Persisk grammatikar som skreiv om arabisk. Den fyrste grammatikaren (1100-talet). Islandsk grammatikar som skreiv Den fyrste grammatiske avhandlinga. Kong Sejong av Korea (1349–1450). Koreansk konge som tok initiativet til å få laga hangeul, den koreanske skrifta.

Kazan'-skulen Hovudartikkel: Kazan'-skulen mini|upright|Jan N. I. Baudouin de Courtenay tidleg i karrieren. Fonologien som disiplin kan sporast attende iallfall til 1870-talet, då den polske lingvisten Jan Baudouin de Courtenay (1845-1929) skipa Lingvistskulen i Kazan’. I lag med to av studentane sine utarbeidde han ein moderne bruksmåte av termen fonem. Det var Jan Baudouin de Courtenay som innførte skiljet mellom morfofonologiske vekslingar og allofoniske vekslingar.

Strukturalistisk fonologi mini|upright|Ferdinand de Saussure (1857-1913)

Strukturalistisk fonologi er fonologi innanfor rammene av strukturalistisk lingvistikk, som blei grunnlagd av Ferdinand de Saussure (1857-1913), og er presentert i det posthume verket Cours de linguistique générale (1916).Ferdinand de Saussure 1916. Cours de linguistique générale. Publié par Charles Bally et Albert Sechehaye ; avec la collaboration de Albert Riedlinger. Paris: Payot. Dette er nokre grunnleggjande idear: Språket (langue hos Saussure) er eit system av teikn. Eit språksystem eksisterer på eit særskilt tidspunkt i historia. Studiet av dette synkrone systemet må skiljast frå det diakrone, ei jamføring av system på ulike historiske stadium. Teikna står i ein syntagmatisk og ein paradigmatisk relasjon til kvarandre. Teiknet har eit uttrykk og ei tyding – signifiant og signifié hos Saussure. Fonologien studerer lydar som står i opposisjon (paradigmatisk relasjon) og kontrast (paradigmatisk relasjon) til kvarandre. Ei eining i eit system har ein verdi (valeur hos Saussure) som er definert ut frå relasjonen til dei andre einingane i systemet, og ikkje ut frå den fonetiske substansen. Her er ei liste over viktige retningar av strukturalistisk fonologi; dei er omtala nedanfor: Lingvistkrinsen i Praha Britisk strukturalistisk fonologi Nordamerikansk strukturalistisk fonologi Roman Jakobson

Lingvistkrinsen i Praha mini|upright|Nikolaj S. Trubetzkoy (1890-1938)

Lingvistkrinsen i PrahaJamfør heimesida til denne krinsen: http://www.praguelinguistics.org/ blei skipa i 1926, og mellom grunnleggjarane var russarane Nikolaj S. Trubetzkoy og Roman Jakobson, to av dei fremste fonologane i verda på 1900-talet. Dei bygde vidare på hovudideane frå Kazan'-skulen og Ferdinand de Saussure, slikt dei er framstilte ovanfor. Glansperioden for krinsen var tida fram til 2. verdskrigen. Det fonologiske hovudverket frå denne perioden er Grundzüge der Phonologie av Trubetzkoy; boka kom ut posthumt i 1939.N. S. Trubetzkoy 1939. Grundzüge der Phonologie. (Cercle linguistique de Prague 7.) Prague : Le Cercle. Seinare opplag utgjevne av Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen.

I Grundzüge utvikla Trubetzkoy den mest avanserte og fullstendige strukturalistiske fonologiske teorien gjennom tidene. Her er nokre hovudpunkt i teorien: 1. Fonemet er det minimale settet med distinktive trekk, som er sams for alle allofonane til eit gjeve fonem og som skil dette fonemet frå andre fonem i språket. 2. Når talet på fonem som førekjem i to ulike omgjevnader ikkje er det same, finn vi ofte nøytralisering i den omgjevnaden der det er færrast fonem. Då manglar opposisjonen mellom to eller fleire fonem, og i staden finst eit arkifonem. Dei distinktive trekka til arkifonemet er dei som er sams for settet med nøytraliserte fonem. 3. Opposisjonar mellom fonem kan delast i privative, graduelle og ekvipollente på grunnlag av eigenskapar ved dei distinktive trekka. 4. Trubetzkoy innførte ein eigen terminologi – attåt teorien om distinktive trekk – for å konkretisere kva det ligg i at fonema i eit språk utgjer eit system.

Britisk strukturalistisk fonologi

Dei to fremste britiske strukturalistiske fonologane var Daniel Jones (1881–1967), som arbeidde ved University College London, og John Rupert Firth (1890–1960), som arbeidde ved University College London før han flytte over til School of Oriental and African Studies.Heimesida til School of Oriental and African Studies Daniel Jones innførte termen fonem i britisk lingvistikk. Han definerte fonemet som eit sett med allofonar. Han skilde mellom ein hovudallofon og biallofonar. John Rupert Firth sitt hovudbidrag til fonologien var prosodisk analyse (engelsk Prosodic Analysis). Han skilde mellom fonologiske einingar på to nivå - fonemiske einingane (segment) (engelsk phonematic units) og prosodiar (engelsk prosodies), som strekkjer seg over fleire segment eller heile ord.

Nordamerikansk strukturalistisk fonologi mini|Utbreiinga av innfødde språk i Nord-Amerika før den europeiske innvandringa

Dei fremste namna i nordamerikansk strukturalistisk fonologi er Edward Sapir (1884–1939), Leonard Bloomfield (1887–1949), W. Freeman Twaddell (1906–1982), Zellig S. Harris (1909–1992) og Charles F. Hockett (1916–2000). Nordamerikansk strukturalistisk fonologi er jamt over prega av meir praktiske problemstillingar enn til dømes Praha-fonologien. Mange nordamerikanske lingvistar nytta mykje tid på å beskrive innfødde amerikanske språk (indianarspråk), og tilnærminga deira til fonologien er prega av dette. Sapir og Hockett var både lingvistar og antropologar.

Edward Sapir demonstrerer i artikkelen «Sound patterns in language» (1925)Sapir, Edward Sapir 1925. Sound patterns in language. Language 1: 37–51. skilnaden mellom fonetikk og fonologi. W. Freeman Twaddell publiserte i 1935 den teoretisk interessante artikkelen «On Defining the Phoneme».W. Freeman Twaddell 1935. On Defining the Phoneme (Supplement to Language: Journal of the Linguistic Society of America. Language Monographs, Number 22. ) Talet på ulike distinktive segment varierer ofte sterkt mellom ulike fonologiske omgjevnader. Twaddell postulerte difor eit fonemsystem for kvar omgjevnad, system av mikrofonem. På grunnlag av fleire system av mikrofonem kunne ein så ta steget vidare og postulere eit system av makrofonem – ei generalisering over alle mikrofonemsystema. Zellig S. Harris publiserte i 1951 boka Methods in Structural Linguistics, der han presenterer objektive kriterium for ein lingvistisk analyse, såkalla oppdagingsprosedyrar (engelsk discovery procedures). Teoretisk interessant er mellom anna det han kallar lange komponentar i fonologien (engelsk long components), som svarar til det den britiske lingvisten John Rupert Firth kalla prosodiar. Charles F. Hockett publiserte i 1955 boka A Manual of Phonology.Charles F. Hockett 1955. A Manual of Phonology. Indiana University Publications in Anthropology and Linguistics 11., som byggjer på den fonologiske teorien til Lingvistkrinsen i Praha, men vi finn nytt stoff om stavinga og lange komponentar. Lingvisten og antropologen Kenneth Lee Pike (1912–2000), gav mellom mykje anna grunnleggjande bidrag til studiet av tonespråk, og innførte skiljet mellom konturtonar og registertonar.

Roman Jakobson

Den russisk-jødiske lingvisten Roman Jakobson (1896–1982), som var med og skipa Lingvistkrinsen i Praha i 1926, fekk meir å seie for utviklinga av lingvistikken på 1900-talet enn dei fleste, og fonologien stod sentralt i arbeidet hans. Han flykta frå Tsjekkoslovakia i 1939, før den tyske innmarsjen, og drog til Norden, fyrst til Danmark og Noreg, og så vidare til Sverige. I 1941 drog han til USA, og fekk i 1943 eit professorat ved Columbia University; i 1949 blei han kalla til Harvard University; frå 1957 underviste han òg ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Mellom dei fremste elevane til Roman Jakobson er Morris Halle.