Nordkammen eller North Masson Range er ein del av Masson Range og utgjer den nordlege tredjedelen. Ho har ei høgd på 1030 moh og strekkjer seg 6 km frå nord til sør. Masson Range vart oppdaga og namngjeven av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE), 1929-31, under Mawson. Desse nordlege fjella vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37, og namngjeve Nordkammen. Det godkjende engelske namnet vart foreslått av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) i 1960 og gjer det klårare at fjella høyrer til Masson Range.

Kjelder

Kategori:Fjellkjeder i Mac. Robertson Land