Rouen Mountains er ei markant fjellkjede på kring 2800 moh. nord på Aleksanderøya i Antarktis. Ho er 60 km lang frå nordvest til søraust og går frå Mount Bayonne til Care Heights og Mount Cupola. Fjellkjeda har nokre av dei høgaste fjella på Aleksanderøya, i lag med den nærliggande Douglas Range. Mount Paris er det høgaste punktet i Rouen Mountains, på kring 2800 moh.

Fjella vart først kartlagde av Den franske antarktisekspedisjonen i 1908-10 under J.B. Charcot og vart namngjevne av han etter den franske byen Rouen. Charcot indikerte ein sprekk i fjella sør for Mount Paris, men flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947-48, som vart tolka av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), indikerte at fjella er kontinuerlege søraust til Mount Cupola. Dei vart delvis kartlagde frå FIDS i 1948 og ytterlegare skissert frå amerikanske satelittbilete frå januar 1974 og februar 1975.

Sjå òg Havre Mountains Lassus Mountains Walton Mountains

Kjelder

Kategori:Fjellkjeder på Aleksanderøya Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter franske stader