Petermannkjedene (tysk Petermannketten) er ei gruppe fjellkjeder aust for Humboldtfjella i det sentrale Wohlthatmassivet i Dronning Maud Land. Kjedene omfattar Austre Petermannkjeda, Midtre Petermannkjeda, Westliche Petermann, Søre Petermannkjeda og Pieckryggen.
Desse fjellkjedene vart oppdaga og kartlagde frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939), leia av kaptein Alfred Ritscher, som namngav dei etter August Petermann.
Kjelder
Kategori:Fjellkjeder i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst