Hughes Range er ei høg massiv fjellkjede i Antarktis, med seks markante fjelltoppar. Den høgaste av desse er Mount Kaplan på 4230 moh. Fjellkjeda ligg aust for Canyonbreen i Dronning Maudfjella og strekkjer seg 72 km frå samløpet til Brandau- og Keltiebreen i sør, til Giovinco forlandsbre i nord.
Fjellkjeda vart oppdaga og fotografert av kontreadmiral Byrd på ein flytur den 18. november 1929, og vart namngjeven av US-ACAN, etter tilråding frå Byrd, etter Charles Evans Hughes, justisminister i USA og rådgjevar for Byrd.
Fjell Mount Kaplan Mount Waterman er eit massivt fjell, 3880 moh, som står 5 km nordaust for Mount Wexler. Fjellet vart oppdaga og fotografert av kontreadmiral Byrd på ein flytur 18. november 1929, og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Ho vart namngjeven av Crary etter Alan Tower Waterman, direktør i National Science Foundation, som direkte støtta USA sine prosjekt i Antarktis løpet av og etter Det internasjonale geofysiske året, 1957-58. Mount Wexler er eit markant, isfritt fjell, 4025 moh, som ligg 5 km nordvest for Mount Kaplan, det høgaste fjellet i Hughes Range. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd på ein flytur den 18. november 1929, og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Ho vart namngjeven av Crary etter Harry Wexler, sjefsforskar for dei antarktiske prosjekta til USA i 1957-58.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hughes Range (Antarctica)» frå , den 28. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Dronning Maudfjella Kategori:Fjellkjeder i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast