M'Clintock Bastion er eit fjell med ei høgd opp mot kring 1400 moh. vest for Mount Kelsey i Pioneers Escarpment i Shackletonkjeda. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967. Det vart kartlagt av British Antarctic Survey (BAS) mellom 1968-71. I samband med at stader i området vart kalla opp etter pionerar innan polarliv og reiser, vart det namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1971 etter admiral sir Francis Leopold McClintock i Royal Navy (1819–1907), som utforska Britisk Arktis og var ein pioner i å nytte eskimometodar for å reise over land. Han tok del i leitinga til Lord Franklin 1848–54, og kommanderte Fox, 1857–59, på reisa til Arktisk Canada som omsider fann ut av lagnaden til ekspedisjonen til John Franklin.
Kjelder
Kategori:Fjell i Coats Land
en:M'Clintock Bastion