Mount Mullen er eit fjell med to toppar 4 km aust-søraust for Mount Milton sør i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det ligg ved vestenden av Petvar Heights og har ei høgd på 2400 moh og i lag med Kasilag Pass dannar det skiljet mellom Kornickerbreen og Wessbecherbreen.

Fjellet vart namngjeven av US-ACAN i 2006, etter Roy R. Mullen, ein tidlegare tilsett i USGS (1960–95, medsjef i National Mapping Division med ansvar for aktivitetar i Antarktis 1980–95, og USGS sin representant i SCAR).

Kjelder Mount Mullen. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.

Kategori:Ellsworth Mountains Kategori:Fjell i Ellsworth Land