Mount Dater er eit markant kystfjell med flat topp med fleire klippeutspring og bratte klipper, med ei høgd opp mot 1200 moh sør for Millfjorden ved Foyn Coast i Graham Land. Fjellet vart grovt kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1947, og fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947, og U.S. Navy i 1963. Sidan vart kartlegginga fullført av British Antarctic Survey i 1963–64. Stader i området vart kalla opp etter antarktiske historikarar, så dette fjellet vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Henry M. Dater (1909–74), ein amerikanske marinehistorikar som var medlem av U.S. Advisory Committee on Antarctic Names frå 1962–72 og styreleiar 1973–74. Han var medforfattar (med E. Schulthess og George J. Dufek) av Anarctica, Zurich, 1959.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Dater» frå , den 6. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Foyn Coast