Mount Drygalski er ein isfri ås, 210 meter over havet, som ligg 0,7 nautiske mil søraust for Atlas Cove, nær nordvestenden av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Åsen vart grovt kartlagd på eit skissekart frå 1882 teikna av fenrik Washington Irving Chambers ombord på USS «Marion» i løpet av redninga av det forliste mannskapet på den amerikanske selskuta «Trinity». Han vart meir nøyaktig kartlagd og namngjeven av Den første tyske antarktisekspedisjonen i 1902. Professor Erich von Drygalski, leiaren for den tyske ekspedisjonen, var eit medlem av laget som gjekk i land og undersøkte området mellom Rogers Head og toppen av dette fjellet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Map of Mount Drygalski og nordvestkysten av Heardøya Map of Heard- og McDonaldøyane, med alle store terrengdetaljar

Kategori:Fjell på Heard- og McDonaldøyane