Scarlatti Peak er eit kjenneleg pyramideforma fjell, med ei høgd opp mot 750 moh, 8 nautiske mil (15 km) nordvest for Holst Peak og 12 nautiske mil (22 km) aust for Walton Mountains sentralt på Aleksanderøya i Antarktis. Fjellet vart først kartlagd frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter Alessandro Scarlatti (1660–1725), ein italiensk komponist.

Sjå òg Beagle Peak Krieger Peak Simon Peak

Kjelder

Kategori:Fjell på Aleksanderøya