Flinders Peak er eit kjenneleg triangulært fjell, 960 moh i vestenden av Bristly Peaks. Fjellet ligg oppom Forster forlandsbre nær vestkysten av Den antarktiske halvøya. Det vart fotografert frå lufta av British Graham Land Expedition (februar 1937) og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (desember 1947). Det vart kartlagd frå bakken av Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1958, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Matthew Flinders, ein engelsk sjøfarar som arbeidde med magnetiske kompass.
Kjelder
Kategori:Fjell i Palmer Land