Karl Bartos () er ein tysk musikar og låtskrivar. Mellom 1975 og 1990 spelte han i lag med Wolfgang Flür elektronisk perkusjon i electronicagruppa Kraftwerk. Han vart opphavleg teken med for å spele på den amerikanske delen av Autobahn-turneen. I tillegg til å spele perkusjon, skreiv han musikk for Man-Machine, Computer World og Electric Café og song solovokal på sistnemnde.

Bartos, som var fødd i Berchtesgaden i Tyskland, forlét gruppa i 1990, visstnok fordi han var frustrert over at det gjekk for treigt då Ralf Hütter og Florian Schneider i aukande grad hadde vorte perfeksjonistar.

I 1992 starta Bartos Elektric Music. Dette nye prosjektet gav ut eit Kraftwerk-liknande album kalla Esperanto i 1993, og det meir gitarbaserte Electric Music i 1998. I mellom desse to albuma samarbeidde Bartos med Bernard Sumner og Johnny Marr på Electronic sitt Raise the Pressure i 1996 og skreiv songar i lag med Andy McCluskey på både Esperanto og Orchestral Manoeuvres in the Dark sitt Universal. I 1998 produserte han eit album for det svenske synthpopbandet Mobile Homes.

I 2003 gav han ut synthpopalbumet Communication under sitt eige namn. I mars 2011 gav han ut Mini-Composer, som var ein applikasjon for iPhone der ein kunne lage musikk. 15. mars 2013 kom albumet Off the Record.

Diskografi Med Kraftwerk 1975: Radio-Activity 1977: Trans-Europe Express 1978: Die Mensch-Maschine 1981: Computer World 1983: Tour de France (singel) 1986: Electric Café 1991: The Mix (lydprogramming)

Med Elektric Music (now Elektrisk Music) 1992: Afrika Bambaataa and The Soulsonic Force - Planet Rock (Classic Mix) 1993: Esperanto 1998: Elektrisk Music

Med Electronic 1996: Raise the Pressure

Som Karl Bartos

2000: "15 Minutes of Fame" (singel) 2003: Communication (album) 2004: "Camera Obscura" (singel) 2013: Off the Record (album) Unreleased 1994: 2nd proposed Elektric Music album (Most of the songs were performed at Elektric Music's Virtua Summer Tour in 1994). 2007: Moebius Redux – Ein Leben in Bildern / Une vie en images / A Life in Pictures (original soundtrack)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Karl Bartos official site Karl Bartos Interview (English) Karl Bartos Interview (Deutsch) Karl Bartos channel at YouTube

Kategori:Kraftwerk-medlemmar Kategori:Tyske trommeslagarar Kategori:Tyske electronicamusikarar Kategori:Folk frå Berchtesgaden