Egilnuten er eit fjell p[ 2640 moh. ved austsida av Isingen i H. U. Sverdrupfjella i Dronning Maud Land. Det vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Det vart kartlagt av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–52) og frå flyfoto av den norske ekspedisjonen (1958–59), og vart kalla opp etter Egil Rogstad, sjefstelegrafist på NBSAE.

Kjelder

Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst