Bringebær eller bringbær (Rubus idaeus) er ein toårig plante i rosefamilien, som vert dyrka for dei søte fruktene han ber.
mini|Botanisk illustrasjon av bringebær
Det første året kjem det kraftige rotskot, som vert til lange (vanlegvis 1,5 m–2 m) stammer med tynne greiner. På seinsommaren det andre året kjem det raude eller gule frukter på greinene. Om hausten døyr heile stamma og vert stiv og sprø, og om våren kjem det nye rotskot.
Villbringebær Dette er ein plante med sirkumpolar utbreiing. Viltveksande bringebær skil seg ikkje mykje frå dei dyrka, men bæra og til dels planten er mindre. Denne vert kring 1 m høg. Dei øvre blada er trekopla. Blada er kvitfilta under. Blomane har grålodne begerblad og opprette kvite kronblad. Villbringebær blomstrar kring juni månad på steinete stader gjennom heile Noreg, men er sjeldan lengst i nord. Planten er funnen opp til 1330 m på Hardangervidda.
Dyrka bringebær
Sortar i Noreg Dei fleste odla bringebær ulike hybridar av R. idaeus og R. strigosus.Huxley, A., red. (1992). New RHS Dictionary of Gardening. Macmillan ISBN 0-333-47494-5
Gule: Varnes Fallgold Schoenemann
Raude: Asker (Winkler's Sämling) - dessertbær - tysk sort, kom til Noreg i 1890-åra og vart den første kommersielle sorten. Denne sorten har av somme vorte knytta til den franske sorten Paragon, men DNA-analyse har synt at det er Winkler's Sämling. Balder Borgund - H6 Glen Ample - H6 - skotsk sort nytta frå år 2000 Golden Queen - britisk sort frå 1880-åra Hornet - safting og sylting Lloyd George - frå 1919 Marlboro - safting og sylting Norna Preussen - dessertbær, tysk sort som kom til Noreg på 1930-talet og delvis tok over etter Asker Stiora Tulameen Vene - H7 Veten - safting og sylting - norskutvikla sort på 1950-talet, mykje nytta på Vestlandet
Sortane Asker, Balder, Borgund, Glen Ample, Malling Admiral, Malling Orion, Stiora, Varnes, Vene og Veten står på den offisielle sortslista.Offisiell sortsliste 2012 (PDF)
Sjukdommar og skadedyr
Bringebærbille Bringebærflue Bringebærgallmidd Skotsjuke
Galleri
Kjelder
Den virtuella floran Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985. Helgeland Asker Veten NRK Asker NRK veten Sagaplant Sortsutprøving Njøs
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bær Kategori:Rosefamilien