Laura Chinchilla Miranda () er ein costaricansk politikar som var president i Costa Rica frå 2010 til 2014. Ho representerte Partido de Liberación Nacional, same partiet som forgjengaren Óscar Arias Sánchez. Laura Chinchilla var den fyrste kvinnelege presidenten i landet nokonsinne.
Politisk karriere
Far hennar jobba i mange år som riksrevisor i Costa Rica. Laura Chinchilla har studert ved Universitetet i Costa Rica og har ein mastergrad i offentleg politikk frå Georgetown University i Washington, D.C.Ticotimes.net: Costa Rica to inaugurate first female president saturday (engelsk)
Etter fleire ulike verv, sat ho som visejustisminister frå 1994-1996 og minister for offentleg statstryggleik frå 1996-1998. Deretter var ho ein av to visepresidentar under Óscar Arias Sánchez frå 2006-2010. Ved valet i 2010 vedgjekk motstandaren Otton Solis nederlag då 44 % av røystene var talde av di Laura Chinchilla hadde fått 47 % av røystene, og han sjølv låg på andreplass med 23 %. Chinchilla trong over 40 % for å unngå omval.Nrk.no, 08.02.10: Laura Chinchilla vinner valget
Som politikar støttar Laura Chinchilla frihandel og er motstandar av abort. Ho har også eit konservativt synspunkt på homofile ekteskap, men har uttalt at ho ser behovet for å få på plass lovfesta homofile sambuarskap. I motsetnad til president Sanchez, vil ho ikkje skilja kyrkje og stat i det katolske Costa Rica. Dessutan har ho gjort det til eit mål å arbeida mot auka klimaendringar.Voxxi.com, 14.08.12: Laura Chinchilla: Is honesty enough for Costa Rica? (engelsk) Chinchilla kan nyta godt av at Sanchez losa landet trygt gjennom den globale finanskrisa, og har uttalt at ho vil halda fram i same økonomiske kurs som under Sanchez.Neue Zürcher Zeitung, 08.02.10: Erstmals Frau an die Spitze Costa Ricas gewählt (tysk)
Populariteten til Laura Chinchilla sokk relativt kort tid etter valet. Ifølgje undersøkingar meiner kostarikanarane at ho ikkje gjer nok for å nedkjempa fattigdom, og fleire grupper har protestert for å få betringar i respektive jordbruket, helsesystemet og telefonnettverket. I ei undersøking frå 2010 omtalte 75 % at Chinchilla si regjering var «korrupt», og at 53 % hadde mistillit til måten ho administrerte på.
Familieliv
Laura Chinchilla gifte seg fyrste gongen 22 år gamal, men dei skildest etter tre år. Ho flytte saman med ein spansk advokat på nittitalet, dei fekk ein son saman i 1996 før dei gifte seg i 2000.
Kjelder
Kategori:Kostarikanske presidentar Kategori:Kostarikanske politikarar