Mount Gow er eit fjell, 1770 meter over havet, på austsida av Rennickbreen i Bowers Mountains i Antarktis. Det markerer vestenden av høgdene mellom munningen av Carryerbreen og Sledgersbreen der desse to møter Rennickbreen. Det vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960–62, og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter Anthony J. Gow, ein erfaren glasiolog i Antarkis som forska ved Byrd-stasjonen, Amundsen-Scott-stasjonen og McMurdo-basen nesten kvar sommar frå 1959 til 1969.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Pennell Coast