Otto Christian Astrup Bastiansen () var ein norsk professor i kjemi.

Han vart cand.real. ved UiO i 1943 og dr.philos. i 1949. Han var i Odd Hassels forskargruppe ved Kjemisk institutt (UiO) frå 1945 før han i 1955 tok over professorat i teoretisk kjemi ved Norges tekniske høgskole i Trondheim etter Christen Finbak. Tormod Førland tok over professoratet etter Bastiansen då han 1962 vart professor i teoretisk kjemi ved Universitetet i Oslo, og to år etter overtok han professoratet i fysikalsk kjemi etter Odd Hassel. Bastiansen var prorektor 1970-72 og rektor ved Universitetet i Oslo 1973-76.

Han var av slekta Astrup, mellom anna var kunstmålaren Nikolai Astrup ein onkel.Rektorportrett UiO

Kjelder

Kategori:Rektorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske kjemiprofessorar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Folk frå Balsfjord