Ludvig Daae () var ein norsk historikar. Han kalla seg ofte Ludvig Ludvigsen Daae for ikkje å bli forveksla med sine slektningar og namnebrør Ludvig Daae (1829–1893) og Ludvig Kristensen Daa (1809–1877). Ludvig Daae var universitetsbibliotekar 1869–1876 og professor i historie ved universitetet i Kristiania frå 1876 til han døydde. Som historikar var han først og fremst oppteken av Noregs historie under Danmark. Han stod for eit konservativt og danskvennleg syn, i motsetnad til Ernst Sars’ negative syn på dansketida.

Daae skipa kulturtidsskriftet Vidar saman med Yngvar Nielsen.

Verk Ein bibliografi over Daaes skrifter og avhandlingar er i 3. utgåve av Det gamle Christiania, publisert 1924. Norske bygdesagn (1870) Det gamle Christiania (1871) Historiske Skildringer (1873–1878) «Fru Inger Ottesdatter og hendes døtre» I: Historisk tidsskrift; bd 3. 1874 Norges Helgener (1879) Nordmænds Udvandringer til Holland og England i nyere Tid: et Bidrag til vor Søfarts Historie (1880) Paul Botten Hansen (1888) En Krønike om Kvinesdal (1894) En Krønike om Erkebiskopperne i Nidaros (1897) Norske specielt bergenske Apotheker: historiske Oplysninger (1898) Om Stavanger stift i middelalderen (1899)

Utgjeve posthumt Professor, Dr. Ludvig Daaes erindringer og opptegnelser om sin samtid. Utgitt av Nic. Knudtzon. Oslo: Novus, 2003. ISBN 978-82-7099-361-1

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:St. Olavs Orden