Mount Joyce er eit markant, kuppelforma fjell, 1830 moh, som ligg 13 km nordvest for Mount Howard i Prince Albert Mountains i Victoria Land, på sørsida av Davidbreen. Det vart først kartlagd av den britiske antarktiskekspedisjonen, 1907–09, som namngav det etter Ernest Joyce som var ansvarleg for lager, hundar, slear og zoologiske samlingar på ekspedisjonen og som hadde tidlegare vore med Discovery-ekspedisjonen, 1901-04. Joyce var òg i gruppa ved Rosshavet under Endurance-ekspedisjonen, 1914-17.
Geologi Mount Joyce, i lag med nærliggande nunatakar, som Trio Nunataks, er restane av ei høgslette frå juratida, og som består lagergangar av lavaer og doleritt, innimellom fundament av sandstein frå paleozoikum og mesozoikum. Laga heller kring 1-2 grader i vest.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Joyce» frå , den 26. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prince Albert Mountains Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Scott Coast