Kukri Hills er ei markant fjellkjede som går kring 5 nautiske mil frå aust til vest med ei høgd på over 2000 moh, forming skiljet mellom Ferrarbreen i sør og Taylorbreen og Taylor Valley i nord i Victoria Land i Antarktis.

Åsane vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) og truleg fekk dette namnet fordi forma minna om ein kukri, ein gurkha-kniv.

Fjell i rekkja Mount Barnes er eit fjell, 985 moh, som ragar over den vestlege og sentrale sida av New Harbour og markerer austenden av Kukri Hills. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, under Scott og kalla New Harbour Heights. Det fekk det nye namnet Mount Barnes etter ein kanadisk isfysikar av den andre ekspedisjonen til Scott, Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13.

Mount Brearley er eit spisst fjell, 2010 moh, som er den vestlegaste fjelltoppen i Kukri Hills. Det vart namngjeve av den vestlege gruppa, leia av Thomas Griffith Taylor, under den britiske antarktisekspeidsjonen, 1910-13.

Sentinel Peak er eit kjenneleg, spisst fjell på over 2 000 moh, som ligg ved nordsida av Ferrarbreen og dannar det høgaste punktet sør i sentrale delar av Kukri Hills. Det vart oppdaga og namngjeve av Discovery-ekspedisjonen 1901-04 under Scott.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kukri Hills» frå , den 26. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellkjeder i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys