«Believe in Me» (engelsk for Tru på meg) er det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Bonnie Tyler. Songen er skriven av Desmond Child, Lauren Christy og Christopher Braide.
Eurovision Song Contest 2013 British Broadcasting Corporation (BBC) valde ut «Believe in Me» av Bonnie Tyler til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2013. Tyler framførte songen for fyrste gong under turnéen Rock Meets Classic 2013 Tour i Berlin i Tyskland 18. februar 2013. Sidan Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen slepp Storbritannia å kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Storbritannia vil delta i finalen 18. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 2 Songen vil få eit startnummer frå éin til 26, men ikkje 16.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Believe in Me (Bonnie Tyler song)» frå , den 27. mars 2013.
Fotnotar
Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Bonnie Tyler-songar Kategori:Songar skrivne av Desmond Child