Johannes Klingenberg Sejersted () var ein norsk offiser.

Sejersted er særleg kjent som den som utarbeidde ein norsk forsvarsplan for statthaldar Kristian Fredrik i 1813. Planen vart i store delar fulgt under krigen mot Sverige året etter. Han blei utnemnd til sjef over den nyoppretta generalstaben i 1814. Sejersted var òg med på stormannsmøtet på Eidsvoll.

Dekorasjonar Sejersted var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.

Kjelder Carl Johan Anker: Biografiske data om 330 norske, norskfødte eller for nogen tid i den norske armé ansatte generalspersoner : 1628-1885, side 239-241 digital utgåve

Kategori:Norske offiserar Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Sverdordenen Kategori:Stormannsmøtet på Eidsvoll Kategori:Folk frå Stjørdal