Fløibanen er den einaste skjenegåande kabelbanen i Skandinavia for persontransport.
Banen går frå sentrum (Vetrlidsallmenningen) til Fløyfjellet med Fløien Folkerestaurant. Fløibanen er ein av dei største og mest vitja turistattraksjonane i Bergen og har årleg om lag ein million påstigingar. Banen vart bygd etter mønster av liknande banar i Sør-Tyskland, Italia og Sveits. Byggjearbeida starta i 1914 og banen vart offisielt opna i 1918. To vogner som kvar rommar om lag 100 passasjerar køyrer mellom Bergen sentrum og Fløyen året rundt. Banelengda er 844 m og banen har ei stiging på mellom 15 og 26°. Høgdeskilnaden mellom nedre og øvre stasjon er 302 m.
Linjekart
Kuriosa Ein liknande kabelbane finst òg i hovudstaden Wellington på New Zealand, og der er òg ein stutt kabelbane opp mot Montmartre i Paris i Frankrike.
Bakgrunnsstoff Fløibanen si heimeside
Kategori:Samferdsle i Bergen Kategori:Turistmål i Bergen Kategori:Skipingar i 1918 Kategori:Kabelbanar