1810 (romartal MDCCCX) var eit normalår som byrja på ein mandag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske, som låg 12 dagar etter.

Hendingar mini|«Boney and his new wife». Karikatur frå 1810 av Thomas Rowlandson. Utlandet 6. januar: Frankrike og Sverige slutta fred i Paris. Sverige gjekk inn i kontinentalsystemet og fekk tilbake Svensk Pommern. 11. februar: Napoleon gifta seg med erkehertuginne Maria Luisa av Austerrike etter å ha fått ekteskapet med Joséphine de Beauharnais annullert. mini|Postkort til minne om den argentinske mairevolusjonen i 1810. 20. mars: Venezuela fekk sjølvstende då guvernør og kaptein-general Vicente Emparán blei avsett av folket i Caracas og ein junta overtok makta. 18. mai: Mairevolusjonen. Eit opprør mot den spanske kolonimakta tok til i Buenos Aires i Argentina. Argentinarane utviste viseregenten i landet og danna ei provinsregjering. 27. april: Beethoven skreiv pianobagatellen «Til Elise». 16. september: Miguel Hidalgo sitt «rop i Dolores» innleidde Den meksikanske sjølvstendekrigen mot Det spanske imperiet. 23. september: Republikken Vest-Florida erklærte sjølvstende frå Spania. 26. september: Den svenske stenderriksdagen vedtok ein ny tronfølgjelov som gjorde Jean Baptiste Bernadotte til tronarving. 12. oktober: Den fyrste Oktoberfesten fann stad då kongehuse i Bayern inviterte til feiring av ekteskapet mellom kronprins Ludwig og prinsesse Therese av Saxe-Hildburghausen. 27. oktober: USA annekterte Vest-Florida.

Noreg Bybrann i Kongsberg der mellom anna bygningar tilknytt Kongsberg Sølvverk brann ned.

mini|Ole Bull (til venstre) var fødd i 1810. Biletet er frå 1830. Fødde

5. februar: Ole Bull, norsk fiolinist og komponist 1. mars: Frédéric Chopin, fransk-polsk komponist og pianist 12. mars: Ole Mustad, norsk industripioner 8. juni: Robert Schumann, tysk komponist 5. juli: Phineas Taylor Barnum, USA-amerikansk sirkuseigar 15. juli: Aristide Boucicaut, fransk forretningsmann som fann opp stormagasinet 10. august: Camillo Cavour, italiensk politikar 15. desember: Peter Andreas Munch, norsk historikar 24. desember: Wilhelm Marstrand, dansk målar

Døde mini|Sarah Trimmer måla av Henry Howard.

23. januar: Johann Wilhelm Ritter, tysk vitskapsmann og filosof 20. februar: Andreas Hofer, tyrolsk opprørar mot Napoleon (avretta) 24. februar: Henry Cavendish, britisk vitskapsmann 21. mai: Chevalier d'Eon, fransk diplomat, spion og transvestitt 28. mai: Kristian August, svensk kronprins og statthaldar i Noreg 19. juli: Dronning Louise av Mecklenburg-Strelitz av Prøyssen 11. november: Johann Zoffany, tysk målar 15. desember: Sarah Trimmer, engelsk barnebokforfattar