Mount Behling er eit isdekt fjell i Antarktis med flat topp og ei høgd på 2190 moh. Det ligg mellom Steagall- og Whitneybreen og 5 nautiske mil (9 km) nord for Mount Ellsworth i Dronning Maudfjella. Det vart først kartlagt frå landmålingar og flyfoto på Byrd-ekspedisjonen, 1928-30. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Robert E. Behling, ein glasiolog i US Antarctic Research Program (USARP) under den andre kryssinga av Sørpolen og Dronning Maud Land, sommaren 1965-66.
Kjelder
Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar