Murmansk oblast er ein oblast (fylke) i den nordvestre delen av Russland, og eit russisk føderasjonssubjekt. Administrativt senter er Murmansk. Arealet er 144 900 km², og der innbyggjartalet er 732 864 per 2021.

Geografi

Geografisk ligg Murmansk oblast nesten utelukkande på Kolahalvøya, og ein del av Sápmi. Murmansk oblast har grense til Republikken Karelia i Russland, Finnmark i Noreg og Lapplands län i Finland.

Tidssone Murmansk oblast bruker Moskva-tid. Sett frå Sør-Varanger står dei altså opp to timar tidlegare på andre sida av Pasvikelva, mens dei står opp ein time tidlegare rundt Enaresjøen, der elva kjem frå.

Historie left|thumb|Hamna i Murmansk Demografi Det store fleirtalet av folket i Murmansk oblast er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Russarar: 80,8 % Ukrainarar: 4,3 % Kviterussarar: 1,5 % Urfolk og finsk-ugriske folkeslag som budde i området før russarane kom, er no små minoritetar: Komiar: 1649 (0,2 %) Samar: 1599 (0,2 %) Karelarar: 1376 (0,2 %) I tillegg til dette kjem det at 9,2 % ikkje oppgav etnisitet ved folketeljinga.

Den einaste større byen er Murmansk (307 300 ibuarar). Administrativ inndeling Rajonar («kommunar»)

Murmansk oblast består av desse kommunane, eller rajonane (russ.: районы):

Kolskij (Кольский) Kovdorskij (Ковдорский) Lovozerskij (Ловозерский) Petsjengskij (Печенгский) Terskij (Терский)

Lukka område

Sjølv om den kalde krigen er over er det framleis ein del område som er lukka for utlendingar, og også lukka for russiske statsborgarar utan spesiell løyve til å dra dit.

Ostrovnoj (Островной) Poljarnyj (Полярный) Severomorsk (Североморск) Skalistyj (Скалистый) Snezjnogorsk (Снежногорск) Vidjajevo (Видяево) Zaoziorsk (Заозёрск)

Sjå òg Barentsregionen

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oblastar i Russland Kategori:Russiske føderasjonssubjekt