Eurokodane er dei felleseuropeiske dimensjoneringsreglane for dei berande konstruksjonane til byggverk, som bruer eller hus.
Eurokodane blei laga på oppdrag frå Europakommisjonen og Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA), innanfor ramane av den europeiske standardiseringsorganisasjonen Comité Européen de Normalisation (CEN). For kommisjonen er formålet å utvikle det indre marknaden når det gjeld produkt og tenester innanfor byggebransjen. Meir samordna tryggleiksnivå i denne bransjen i Europa var òg ønskeleg.Om Eurokoder på kommissionens hemsida.
Eurokodane kan ikkje angi kva tryggleiksnivå som skal gjelde, ettersom overgripande lovgjeving for byggebransjen ikkje er harmonisert innan Den europeiske unionen. Dei styresmaktene som i kvart land har ansvar for denne lovgjevinga, er derimot forplikta til å tilpasse reglane sine slik at eurokodane skal kunne brukast. I tillegg til eurokodane publiserer kvart land eit nasjonalt vedlegg med dei spesifikke forskriftene som gjeld i landet. Tanken er ein skal kunne kjøpe eurokodane på alle språk, og komplettere med den nasjonale delen for det landet ein er interessert i. I Noreg blir eurokodane publisert av Norsk standard.
Sjå òg CEN Norsk standard
Kjelder BFS 2008:8 EKS 1 Boverkets föreskrifter och allmänna råd om tillämpning av europeiska konstruktionsstandarder (eurokoder) VVFS 2004:43 Vägverkets föreskrifter om tillämpningen av europeiska beräkningsstandarder
Bakgrunnsstoff Eurocodes Building the Future The European Commission website on the Eurocodes SIS sida om Eurokoder i Sverige Dansk Standard om Eurokoder i Danmark Standard Onlines sida om Eurokoder i Norge Eurokoodi help desk om Eurokoder i Finland EUROCODE.info - All about the Eurocodes Access Steel, Eurocodes made easy Nytt regelverk med Eurokoder Seminarium Difisek 2008-11-27 National Annexes & Eurocodes, European standards institutes and links to download national annexes.
Kategori:Norske standardar Kategori:EN-standardar Kategori:Kontraktsrett Kategori:Byggmaterial Kategori:Privatrett Kategori:Entreprise Kategori:Entreprise- og bygningsrett