Schwingungen er det andre studioalbumet til det tyske krautrockbandet Ash Ra Tempel. Det kom ut i 1972 på Ohr.

Klaus Schulze hadde no slutta i bandet og vorte erstatta med Wolfgang Muller. Eit par gjesteartistar var òg med på plata, mellom anna ein John L. som song. Dette albumet hadde altså tekstar, noko som det første albumet ikkje hadde. Den første sida av albumet inneheld to songar, «Light» og «Darkness», medan andre sida berre har eit musikkstykke: «Suche / Liebe».

Albumet har sidan vorte gjeve ut fire gonger, siste gong i 2011 på MG Art Records.

Innhald

Medverkande Uli Popp – bongo Wolfgang Müller – trommer, vibrafon Hartmut Enke – gitar, bass, elektronikk Manuel Göttsching – gitar, orgel, elektronikk, kor Matthias Wehler – altsaksofon John L. – vokal, munnharpe, perkusjon

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Ash Ra Tempel-album Kategori:Ohr-album