Tarot er det første og einaste albumet til sveitsiske Walter Wegmüller. Det kom ut i 1973.

Med seg på albumet hadde Wegmüller the Cosmic Couriers, som bestod av Ash Ra Tempel, Wallenstein, Klaus Schulze og fleire sentrale aktørar i tysk krautrock. Det heile vart sett saman av produsenten Rolf-Ulrich Kaiser og albumet bestod av ei blanding av space rock, folkemusikk, funk, psykedelia og elektronisk musikk. Albumet til Wegmüller vart spelt inn etter at Kaiser hadde fått Ash Ra Tempel og Timothy Leary til å spele inn Seven Up og Sergius Golowin til å spele inn Lord Krishna von Goloka i lag med Wallenstein, duoen Westripp-Witthuser og Klaus Schulze. Tarot hadde med nesten alle desse musikarane. Wegmüller snakkar meir enn han syng på albumet, men lange delar av albumet er heilt instrumentalt.

Innhald

Medverkande Walter Wegmüller - vokal Jerry Berkers - bass Jurgen Dollase - klaverinstrument Manuel Göttsching - gitar Harald Grosskopf - trommer Klaus Schulze - trommer, elektronikk Walter Westrupp - gitar

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Krautrock-album Kategori:Sveitsiske musikkalbum