Mastodont (Mammut) er utdøydde dyr i ordenen elefantdyr (Proboscidea). I motsetnad til dei ekte mammutane (Mammuthus) som vert oppførte i familien Elephantidae, høyrer mastodontane som einaste slekt til familien Mammutidae. I det minste somme var hårete liksom ullhåra nashorn og mammut. Dei skil seg frå mammutar og elefantar gjennom dei koniske tennene sine, tilpassa føde av lauv i staden for gras. Namnet mastodon (gresk μαστός, 'bryst' og οδών, 'tann') syner til tannforma. Støyttennene kunne verte opp til fem meter. Mastodon var tidlegare namnet på den slekta mastodontane då vart rekna til.
Skildring mini|venstre|Skjelett av Masthodon angustidens
Mastodontar hadde ein låg, lang skalle og bøygde støyttenner som kunne verte opp til fem meter. Hannane hadde større og meir bøygde støyttenner. Tennene deira var spisse og svært ulike dei til mammutar og elefantar.
Mastodontar hadde kortare føter, lengre kropp og større muskelmasse enn mammutar. Gjennomsnittleg storleik på arten M. americanum var ei skulderhøgd på rundt 2,3 meter. Ein stor homastodont eller ein liten hannmastodont kunne ha ei slik høgd. Store hannar kunne bli opptil 2,8 meter høge og vega så mykje som 4,5 tonn. I det minste somme mastodontar var hårete liksom ullhåra nashorn og mammut.
Periode
Mastodontar oppstod for omkring 10 millionar år sidan. Dei siste døydde ut etter den siste istida. Dei levde i Nord- og Sentral-Amerika i sein miocen eller sein pliocen fram til dei døydde ut ved slutten pleistocen, for 10 000-11 000 år sidan.
Ein veit at mastodontar framleis levde i Nord-Amerika då menneska vandra inn; funn som syner at mastodontar vart jakta av menneske finst, men det er uklart om menneska si jakt på dei var grunnen til at mastodontane døydde ut. Nye funn tyder på at ein meteor slo ned for 12 900 år sidan, om lag på den tida dyra forsvann og at den katastrofen gjorde slutt på mange artar pattedyr på den nordlege halvkula.
Artar Ein skil mellom fem arter: Amerikansk mastodont (Mammut americanum) (Kerr, 1792) M. matthewi (Osborn, 1921) M. raki (Frick, 1933) M. cosoensis (Schultz, 1937) M. furlongi (Shotwell & Russell, 1963)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mastodont» frå , den 14. april 2013.
Kategori:Utdøydde dyr Kategori:Elefantar