Johan Østvang () er ein tidlegare norsk langrennar som vart noregsmeister på 15 km i 1954. Han bur i Mesnali i Ringsaker og konkurrerte for Mesnali Skilag.

Aktiv Østvang vart nummer åtte på 30 km i NM på ski 1953. Året etter overraska han og vart norsk meister på 15-kilometeren på Kongsvinger. Han kom i mål på tida 56.53 og slo dermed Martin Stokken med eitt sekund. Seinare i 1954-sesongen deltok Østvang på 50 km under verdsmeisterskapen på ski i Falun og gjekk i mål til ein 14. plass. Hans beste plassering i Holmenkollen kom i 1959, han vart då nummer ni på femmila.

Østvang deltok i 2008 i Birkebeinerrennet for 55. gong og fekk sitt 55. merke. Han kom då på førsteplass i klassa for menn 80-84 år på tida 4.07.13.

Kjelder Sportsrevy, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Ringsaker