Armitage Saddle er eit skard ved toppen av Bluebreen, oppom Howchin- og Walcottbreen som flyt mot Walcott Bay og Koettlitzbreen. Skardet ligg ved sørenden av «Snow Valley» (den øvre delen av Bluebreen) som vart kartlagd av Armitage i 1902, og sidan feilaktig fjerna frå kartet av Terra Nova-ekspedisjonen, 1910–13. Gruppa frå New Zealand som vitja Bluebreen under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition, 1956–58, oppretta ein landmålingsstasjon på skardet i september 1957. Dei kalla det opp etter Albert Armitage, nestkommanderande på Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, som utforska dette området.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Armitage Saddle» frå , den 24. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellovergangar i Victoria Land Kategori:Scott Coast