Fowler Knoll er ein kjenneleg, snødekt knaus, 2465 moh, med ei bratt sørside sentralt i Havola Escarpment i Antarktis. Han vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1958–61, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter George W. Fowler i US Army, som var navigatør på den 700 nautiske mil traktorreisa frå Byrd-stasjonen til Amundsen-Scott-stasjonen, 8. desember 1960 til 11. januar i 1961. Gruppa var leia av major Antero Havola og dei passerte like sør for denne knausen 25. desember 1960.
Kjelder
Kategori:Åsar i Ellsworth Land