Generasjon er nemninga på til dømes både den eininga som den eine av fleire lekk i ei ætteline utgjer den eininga som ei einskild aldersgruppe innanfor eit samfunn eller ei yrkesgruppe utgjer den tida som ei aldersgruppe lever, det vil seie ein mannsalder, vanlegvis rekna til ein tredel av eit hundreår kvart av fleire steg i utviklinga av eit produkt og liknande.
Besteforeldre, foreldre og born utgjer kvar sin generasjon i ættelina; besteforeldregenerasjonen er nemninga på den gruppa av menneske i samfunnet som er i den alderen då dei fleste av dei har vorte besteforeldre; min eller vår generasjon er alle dei som er av om lag same alder som ein sjølv; krigsgenerasjonen er dei som vart fødde under krigen; at noko hende for tre generasjonar sidan tyder at det gjekk føre seg for om lag for tre mannsaldrar ('tre livslengder') sidan; ein ny generasjon dataprogram er eit nytt steg i vidareutviklinga av den aktuelle typen dataprogram; andre generasjonen elektriske bilar er den markert forbetra utgåva av elektriske bilar i høve til fyrsteutgåva, og så bortetter.
Kategori:Slekt