mini|Interiør frå Nieuwe Kerk i Delft. Måleri av Hendrick Cornelisz van Vliet frå 1662. mini|Adelsfamilie og fuglar. Indisk måleri frå 1662. 1662 (romartal MDCLXII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 1. februar: Den kinesiske generalen Koxinga hærtok den nederlandske festningen Zealandia på Taiwan etter ei beleiring på ni månader, og grunnla kongeriket Tungning. 19. mai: Ein årestadskatt på to shilling per årestad blei innført i England. 19. mai: Act of Uniformity 1662 fastsette liturgi og bøn i Church of England og innførte Book of Common Prayer, ei sams bønnebok, i England og Wales. 30. mai: Katarina av Braganza gifta seg med Karl II av England. Som medgift hadde ho mellom anna Bombay og Tangier. 15. juli: Royal Society, det britiske vitskapsakademiet, fekk kongeleg charter. 27. oktober: Karl II av England selde Dunkerque til Frankrike. Blaise Pascal starta kollektivtransport med hestebussar i Paris.

Noreg 19. februar: Dei danske og norske lena fekk nemninga amt.World Statesmen

Fødde

26. mars: Marie Louise av Orléans, spansk dronning 30. april: Maria II av England, dronning av England, Skottland og Irland 3. mai: Matthäus Daniel Pöppelmann, tysk barokkarkitekt 11. juli: Maximilian II Emanuel av Bayern, tysk fyrste 13. desember: Francesco Bianchini, italiensk filosof og forskar

Døde

30. mars: François le Métel de Boisrobert, fransk forfattar 14. juli: Camilla Faà, italiensk nonne og forfattar 19. august: Blaise Pascal, fransk fysikar og matematikar 21. oktober: Henry Lawes, engelsk komponist 12. november: Adriaen van de Venne, nederlandsk målar

Kjelder