Now What?! er det 19. studioalbumet til det engelske rockbandet Deep Purple. Det vart gitt ut 26. april 2013 og produsert av Bob Ezrin. Bandet oppretta òg ei eiga offisiell nettside for å leggja ut oppdateringar om albumet. Det var det første studioalbumet til bandet på over sju år, ettersom det førre studioalbum deira, Rapture of the Deep, vart gitt ut i slutten av 2005.

Den 26. februar 2013 vart tittelen til albumet annonsert. I tillegg vart ein ny singel med «Hell to Pay» og «All the Time in the World» sleppt i både CD- og vinylformat 29. mars 2013. 6. mai 2013 stadfesta bandet at ein ny singel «Vincent Price» ville bli gitt ut 7. juni som nedlasting, CD-singel og 7" transparent vinyl. Singelen inneheldt òg den tidlegare upubliserte låten «First Sign of Madness», to spor frå den no utilgjengelege, avgrensa utgåva av Rapture of the Deep og musikkvideoen til låten.

Låtene «Uncommon Man» og «Above and Beyond», som inneheld teksten «Souls having touched are forever entwined», er dedikert til grunnleggjaren Jon Lord som døydde i juli 2012. «Uncommon Man» er delvis inspirert av den klassiske komposisjonen «Fanfare for the Common Man», og inneheld eit synthesizer-generert fanfaretema komponert av Don Airey.

Mottaking

Etter utgivinga fekk Now What?! stort sett positiv mottaking av kritikarane. AllMusic-skribenten Steve Leggett kommenterte at albumet høyrdest ut som eit produkt av gullalderen i progressiv metal, og sa: «Nokre ting bør verkeleg ikkje forandra seg, og Deep Purple erkjenner det. Dei har ikkje forandra seg det minste, og dei mange tilhengarane deira kjem til å finna denne utgivinga trøystande i så måte». Sputnikmusic-meldaren skreiv at «fans av Purpendicular og dei to siste albuma i gruppa vil finna fleire behagelege stunder, og bandet bør òg vera stolte av resultatet.».

Albumet hamna på 104. plassen på Sputnikmusic si liste over dei «beste progressive rockealbuma i 2013».

Now What?! selde 4 000 eksemplar den første veka i USA.

Seks månader etter utgivinga vart Now What?! gullsertifisert i Tyskland (100 000 selde eksemplar).

Det var det første studioalbumet frå Deep Purple som gjekk inn på topp 40-lista i Storbritannia sidan The Battle Rages On... i 1993.

Innhald

The Now What?! Konsertopptak Plate to frå «Gold Edition Deluxe»-utgåva frå november 2013.

Medverkande Deep Purple Ian Gillan – vokal Steve Morse – gitar Roger Glover – bass Don Airey – klaverinstrument Ian Paice – trommer, perkusjon

Andre medverkande Jason Roller – akustisk gitar («All the Time in the World») Eric Darken – perkusjon («Bodyline», «All The Time in the World») Mike Johnson – steelgitar («All The Time in the World», «Vincent Price») David Hamilton – ekstra klaverinstrument («Uncommon Man», «Weirdistan», «Above And Beyond») Elevar ved Nimbus School of Recording Arts – gjengvokal («Hell to Pay») Bob Ezrin – ekstra korvokal & perkusjon

Produksjon Bob Ezrin - produsent, miksing Justin Cortelyou - lydteknikar, miksing Li Xiao Le - assisterande lydteknikar Zach Allan, Jarad Clement - ekstra lydteknikk (The Tracking Room), Rob Harris, Mike Airey & Nathan Sage - ekstra lydteknikk (Rainbow Recorders) Greg Calbi - mastering i Sterling Sound, New York City

Salslister

Vekeslister Liste (2013) PlasseringDen japanske albumlista (Oricon) 50Russiske album (Blabbermouth) 3

Årslister Liste (2013) Plassering Belgiske album (Ultratop Vallonia) 145 Tyske album (Offizielle Top 100) 93 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 99

Salstrofé

Utmerkingar Publikasjon Land Utmerking ÅrPlassering Revolver United States «Golden Gods Awards 2014» 2014 Comeback of the Year: Deep Purple

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Now What?!» frå , den 17. juli 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Musikkalbum frå 2013 Kategori:Deep Purple-album Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Edel AG-album