Dvergrikse (Porzana pusilla) er ein vassfugl i riksefamilien. Denne litle riksa har utbreiing i Afrika, Asia og Australasia. I Europa hekkar ho nord for Svartehavet og sparsamt på få og små, oppstykka område frå Iberia til søraustre Europa.
Skildring
Dvergriksa er særs lita, ca. 16-18 cm i kroppslengd og 40 gram i kroppsmasse. Vaksne fuglar har kanelbrun overside med svarte og kvite teikningar. Sidene av hovudet, nedover til bryst og undersida er blygråe. Kroppsidene, buken frå litt framføre beina og bakover med undergumpen er i svart med kraftige kvite tverrstriper. Kjønna er mykje like, ungfuglar er lysare med tverrstriper fram til halsen. Nebbet og beina er grønlege, auga er raude.Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 Dvergriksa er vanskeleg å skilje frå sumprikse i utsjånad, sistnemnde berre ein cm større og har ein raud flekk ved nebbrota.
Denne arten lever i eit samanhengande område frå Ukraina i Europa, tvers over sentrale Asia til nordaustlege Kina og Japan. Dessutan lever ho i sørlege og austlege Afrika, Søraust-Asia og over Australasia til New Zealand.Kart med vising av utbreiinga, på nettstaden til IUCN Red List I Europa og sentrale Asia er ho trekkfugl. Overvintringsområde ligg i Afrika,Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820. India, Malayahalvøya og Filippinane. I andre delar av utbreiingsområdet, som på New Zealand, er dvergriksa ein standfugl.
mini|venstre|Dvergrikseegg
Føda er ei blanding av animalske og vegetabilske kjelder. Dei tar frø frå vassplantar og et av eit utval av virvellause dyr.
Hekkehabitata ligg i fuktige område med vegetasjon av storr og takrøyr, og dei lever elles i våtmarker og på estuar.
Reira er plasserte 30-40 centimeter over vassflata. Storleiken på kulla varierer stort, typisk 6 egg. Begge kjønn rugar i 16-20 dagar.
Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til å ligge mellom 13 000-37 000 individ (2006).BirdLife International (2013) Species factsheet: Porzana pusilla . Henta frå http://www.birdlife.org den 4. mai 2013.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Lydopptak frå avibirds.com
kategori:riksefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Takson namngjevne av Peter Simon Pallas