Type 18 var ein damplokomotivtype hos NSB produsert i perioden 1900 til 1919 hos Hartmann og Hamar Jernstøberi. Typen var opphavleg ment for Nordbanen, men dei vart tatt i bruk på dei fleste linjer rundt kring om i Noreg. Det vart bygd 35 stk av denne typen i modellane 18a, 18b og 18c, der den seinaste modellen c var noko tyngre og hadde eit større sylinderdiameter og slagvolum. Dei tidlege modellane, 18a og 18b, vart seinare oppgradert til c-standard. Type 18 har rundt 825 hestekrefter og ei tjenestevekt på 81 tonn inkludert tenderen. Topphastighet er på 65 km/t. Etterkvart som jernbanetrafikken tok seg opp vart desse maskinene erstatta av kraftigare lokomotiv.
Det siste lokomotivet av NSB Type 18c nummer 255 bygd i 1913 av Hamar Jernstøberi vart utrangert den 25. august 1969 og har sidan vore tatt vare på av Bergen Teknisk Museum. Dette lokomotivet vart òg restaurert i perioden 1980 til 1992 av Norsk Jernbaneklubb og blir i dag disponert ved Gamle Vossebanen der det er i drift kvar sommar. 18 255 var opphavleg stasjonert ved Eidsvold – Ottabanen, men vart seinare nytta i Drammen, Oslo og Trondheim distrikt. I Trondheim distrikt trafikkerte det linja mellom Grong og Namsos.
Type 18a Lokomotiva av typen 18a var eigentleg meint for Nordbanen Distrikt (Grefsen-Røykenvik, Grefsen-Gjøvik og Reinsvoll-Skreia). Lokomotiv 134 var i tida frå 1964 til det vart utrangert i 1968 det eldste lokomotivet i drift hos NSB. Lokomotiva 131-134 vart bygd på Hartmann Chemnitz i 1900, lokomotiva 135-138 vart bygd av same fabrikant til same bruk i 1901, og lokomotiva 157 og 158 hos Hamar Jernstøberi i 1903. Alle lokomotiva av typen 18a bortsett frå lokomotiv 135 og 157 ble ombygd til 18c.
Type 18b Type 18b vart bygd av Hamar jernstøberi i 1907 for bruk på Gjøvik- og Bergensbanen. Lokomotiva fekk nr 184-189. Dei vart stasjonerte både i Bergen, Hamar, Trondheim, Kristiansand, Arendal, Eidsvoll-Otta banen og Otta-Dombåsbanen. Dei to siste lokomotiva av typen 18b var lokomotiv 184 og 186 som vart utrangert i 1962. Lokomotiv 184 vart i 1938 bygd om til 18c og 186 vart ombygd til 18c i 1948.
Bakgrunnsstoff Lokomotivtypen hos Jernbane.net Gamle Vossebanen Databaseoppføringar på type 18
Kjelder Denne artikkelen bygger på «NSB type 18» frå , den 8. mai 2013.
Kategori:Norske damplokomotiv