Football Club Internazionale Milano, til vanleg omtala som Inter, er ein fotballklubb frå Milano i Italia som vart skipa i 1908. Klubben spelar i . Noverande hovudtrenar er .
Inter spelar vanlegvis i svartblå-stripete trøyer, og vert på folkemunne ofte kalla for Nerazzurri (‘dei svartblå’). Inter er ein av dei største fotballklubbane i Italia og har vunne 19 Serie A-titlar; einast Juventus har fleire serietitlar. Inter har vunne Europacupen og Meisterligaen tre gongar og UEFA-cupen tre gongar.
Inter er den einaste klubben i det italienske seriesystemet som alltid har spela i toppdivisjonen. Klubben spelar det prestisjefylte byderbyet, det såkalla Il Derby della Madonnina ("Den vesle madonnaens derby"), mot erkerivalen AC Milan. Begge desse klubbane spelar heimekampar på San Siro, offisielt Stadio Giuseppe Meazza, kalla opp etter den legendariske spelaren Giuseppe Meazza.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «FC Internazionale Milano» frå , den 10. mai 2013.
Kategori:Italienske fotballag Kategori:Fotballag skipa i 1908 Kategori:1908 i Italia