mini|Klokke som viser eit ante meridiem-tidspunkt. Ante meridiem er eit latinsk uttrykk som tyder 'før middag' (før kl. 12.00). Forkortingar er AM, a.m. eller A.M. Tidlegare vart forkortinga f.m. (før middag) nytta i norsk.

Ante meridiem blir brukt i somme land for å seie at eit klokkeslett høyrer til den første halvdelen av døgnet, frå midnatt til middag. 6 AM betyr såleis klokka seks om morgonen.

Vanleg standard tidsrekning tar midnatt som utgangspunkt, klokka 00.00. Klokka 6 AM blir då klokka 06.00.

Det motsvarande uttrykket er post meridiem, som tyder etter middag. Forkortingar er PM, p.m. eller P.M..

Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Tider av døgnet