Denne artikkelen er om ei kyrkje på Sunnmøre, for ei kyrkje i Sunnfjord med liknande namn, sjå Nordal kyrkje. For andre kyrkjer kalla Dale, sjå Dale kyrkje

Norddal kyrkje også kalla Dale kyrkje er ei åttekantkyrkje i Dalsbygda i Fjord kommune på Sunnmøre. Kyrkja vart bygd i 1782 og innvigd 25.juli 1784. Det var den fyrste åttekantkyrkja på Sunnmøre. Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Larsen Døving. Kyrkja vart oppført i presten Ludolf Krohns tid. «Kyrkjebrevet» viser grunnrisset som tømrarane arbeidde etter, det viser òg namnet på dei 12 tømrarane som hadde ansvar for kvart sitt hjørne i laftekonstruksjonen.Grunn og gror. Kultursoge. Norddal bygdebøker, band IV. Valldal, 1976. Fire søyler står midt i rommet for å støtte tak og tårn. Norddal kyrkje er den mest typiske mellom åttekantkyrkjene på Møre og har eit vakkert profilert tårn, skriv Vreim.Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.

Byggmeisteren var sjølv på reise til Trøndelag for å sjå på ymse kyrkjebygg, og i «nærleiken» av Trondheim fann dei ei kyrkje dei likte godt og som byggmeisteren teikna eit grunnriss av. Det var truleg Hospitalskyrkja i dei kopierte, men det kan og ha vore Bakke kyrkje i Trondheim. Seinare åttekantkyrkjer på Sunnmøre kan ha blitt inspirert av Norddal kyrkje, til dømes Stordal gamle kyrkje oppført få år seinare og tidlegare Ørskog kyrkje som no er Leikanger kyrkje i Herøy.Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.

Altertavla er frå seinmellomalderen, kring 1510–20, og er truleg tysk. Ho har mykje sams med tavler laga ved verkstaden til Bernt Notke i Lübeck.Om Norddal kyrkje på nettstaden kulturnett.no I kyrkja er det ei smijernslysekrone som også kan vere frå mellomalderen. Preikestolen er i hollandsk stil og truleg frå 1600-talet, medan døypefonten truleg er tysk og frå kring år 1600.Storfjordnytt 10. mai 2013. Ved innreiinga av nykyrkja i 1782 støtta dei seg på Peder Palladius' bok om korleis kyrkjer skulle sjå ut innvendig, mellom anna skulle preikestolen vere på sørsida av koropninga. Ved inngangen var det eigen benk for «inngangskoner» - kvinner som nyleg hadde fødd var «ureine» og presten måtte be for dei før dei først.

Det er kyrkjegard kring kyrkja. Der står det eit minnesmerke over dei som omkom i Tafjord-ulukka i 1934.

Kyrkja er soknekyrkje i Norddal sokn i Austre Sunnmøre prosti. På Sylte i Valldal rett over fjorden står den andre kyrkja i Norddal.

Domenico Erdmann (1879-1940) restaurerte altertavla i 1922 og skreiv då: «Kirken smykkes af et yndefullt tårn som i sine forhold og detaljering røber en av våre betydeligste kirkebyggere.»

Namn

Det har vore nytta ulike namn på hovudkyrkja i soknet. I Aslak Bolts jordebok (om lag år 1440) vart hovudkyrkja (som då truleg stod på Sylte) kalla både «Dals kirkju» og «Sulta kirkju». I Olav Engelbrektssons jordebok står det «Daell Sogn», ogsåTrondhjems reformats 1589 skriv «Dals kirke» som kyrkja på Sylte. Kjeldene har altså brukt «Dals kirkju» og «Daell Sogn» for heile soknet også då Sylte var einaste kyrkjestaden. Etter den tid er «Norddal» det vanlege i følgje skriftlege kjelder, også før garden Dale vart kyrkjestad. Frå 1882 blir også «Dale kyrkje» nytta i visitasprotokollane og denne forma står sterkt i den munnlege tradisjonen - kanskje heilt attende frå den tida «Dale» var namn på skipreida. På Dale vart det også halde ting, i periodar var dette tingstad ikkje berre for dagens Norddal kommune, men og for det området som no er Stranda kommune.Furseth, Astor (red.) (1982): Norddal kyrkje (Dale kyrkje) 1782-1982. Utgjeve av Norddal sokneråd 1982.

Historie mini|høgre|Kyrkja med kyrkjegardFør det noverande kyrkjebygget stod det ei stavkyrkje på staden, denne stavkyrkja var i følgje soga flytt dit frå Sylte i Valldal på hi sida av fjorden på 1620-talet. Dette er ei gåtefull hending fordi ein ikkje kjenner den konkrete bakgrunnen eller motiv for flyttinga. Somt av vyrket frå stavkyrkja vart attbrukt då dei bygde åttekantkyrkja. Den gamle stavkyrkja var krossforma og relativt stor (skipet var 22,5 m langt og 7,5 m breitt), i 1686 vart stavkyrkja utvida ved at koret vart lagt til skipet og nytt kor kom i eit tilbygg. Hans Strøm skriv i 1766 om garden Dale og kyrkja der: «Paa denne Gaard staaer Nordals Kirke, nær ved Stranden, ikke langt fra Dalens Østre Field Strækning, som i henseende til Steen Skrede just ikke er meget farlig, med lod dog for nogle Aar siden en meget stor Steen eller Bierg-Stykke falde ned, som tog Veien lige hen til Kirken, og maatte ganske have beskadiget samme, om den ei hadde stanset tet ved Kirkegaarden, hvor den endnu sees liggende, og vises af Indbyggerne som et halvt Mirakel eller Vidunder. Kirken bestaaer kun af Staver, og af een Længde, som er alt for smal og uproportioneret imod Bredden; hvilket kommer deraf, at Kirkens gamle Chor blev i Aaret 1686 for des meere Rummeligheds Skyld lagt til hoved-Bygningen, og denne igjen forøget med et nyt Chor.»Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.258-259.

Sjølv om Dale var tingstad og truleg eit slags sentrum på Indre Sunnmøre er det, ikkje spor av eldre kyrkjer på Dale før stavkyrkja vart flytta frå Sylte.Furseth, Astor (1994): Kyrkjebjørka. Årbok for Norddal.

1814 Valg til Riksforsamlinga på Eidsvoll og det første Stortinget i 1814 skjedde valget hovudsakleg i kyrkjene (etter gudstenesta).1814 - våre første nasjonale valg Arkivverket, lese 22.februar 2014. Valget var indirekte ved at prestegjeldet valde to valmenn til valmannsforsamlinga i Romsdals amt. I følgje referatet møtte heile almugen frå prestegjeldet på «den berammede Bededag» 25. mars 1814. Frå Norddal prestegjeld (med Sunnylven og Geiranger) vart soknepresten Johan Christopher Haar Daae og «Kirkeværger og anden Forligelses Commisair» Ole A. Dahle vald. Dei skulle møte i valmannsforsamlinga på Molde 30. mars. Norddal kyrkje er ei av dei opphavelege kyrkjene og får i 2014 eit skilt til minne om hendinga.Feiring av kirkene som arena Arkivverket, lese 22.2.2014

Prestegarden på Engeset

Lengre oppe i bygda ligg garden Engeset med den 300 år gamle prestegarden. Drift av garden ga presten inntekt og var for det meste også bustad for prest eller kapellan. Nokre av prestane, mellom anna Astrup, tok sjølve del i kroppsarbeid på garden. Det var i mai 1694 at kongen i København gav ordre om at Engeset skulle avløyse Sylte i Valldal som prestegard. Kyrkja var allereie omkring 1620 flytta frå Sylte over Norddalsfjorden til Dale, slik at både presten og store delar av kyrkjelyden måtte krysse fjorden for å kome til kyrkje. Sylte hadde frå gamalt av vore både kyrkjestad og prestegard, og var det fortsatt etter flyttinga. I det store skadeåret 1679 vart mykje av Syltebøen øydelagt av elvebrot, prestegarden fekk store skadar og mykje av kyrkjegarden vart skylt på sjøen.Furseth, Astor (1994): "Prestegarden 300 år." Årbok for Norddal. Valldal: Norddal mållag.

Prestar Norddal med Synnylven og Geiranger vart eige prestegjeld i 1673 (før dette ein del av Ørskog), i 1861 vart Sunnylven og Geiranger skilt ut som eige prestegjeld. Fram til 1673 var presten i Norddal formelt «residerande kapellan». Lista er ikkje fullstendig.Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer. Iver Eriksen 1586-1610. Sonen Erik flytta til Leikanger og brukte etternamnet «Nordal», sonesonen Iver (1629-1702) og etterslekta brukte namnet «Leganger».SNL/Norsk biografisk leksikon lese 10.februar 2013. Dottera G(j)ertrud var ifølgje Lampe mor til seinare sokneprest Peder Rasmussen Brandal. Arne Evensen 1610-1634 («Herr Arne på Sylte») Hagen Jakobsen 1634-1654 Peder Rasmussen Brandal 1678-1690 Rasmus Pedersen Brandal 1690-1706 (son av førre presten) Magnus Reutz 1706-1717 (gift med dotter av Peder R. Brandal) Christopher Tanche 1717-1727 Otto Finde Astrup 1745-1771 (truleg bilete av han i kyrkja) Ludolf Krohn 1772-1784 Edvard Meyer 1785-1804 Johan Christopher Haar Daae 1804-1820 (bestefar til Ludvig Daae og Suzannah Ibsen) Christian Frederik Hvidt 1821-1840 Harald Thaulow 1840-1844 Rasmus Møglestue Dometius 1845-1851 Rasmus Andreas Rolland 1852-1862 Gerhard Gunnerus Bergh 1862-1871 (svoger av Aage Schavland) Hans Christian Astrup Ingier 1871-1879 Nils Astrup 1879-1882 Hans Henrik Christian Borchgrevinck 1883-1888

Tidsline for kyrkjene i Norddal kommune

Sunnylven og Geiranger var til 1861 sams prestegjeld med Norddal og er tatt med her. I følgje tradisjonen skal det ha vore ei tredje kyrkje i Valldal, Bjorkne kyrkje på Omenås, men kjeldene manglar nærare opplysningar. 1028: Olav den Heilage reiser gjennom Valldal, to krossar er reist på Sylte skriv Snorre.Snorre Sturluson: Noregs kongesoger, Soga om Heilag Olav, del 179. 1432: Sylte og «Dals» kyrkje nemnt første gong, Sunnylven kyrkje nemnt første gong 1589: Trondhjems Reformats nemner «Dals kircke» og «Dyffuings cappell», og Geiranger kyrkje 1620 (om lag): Stavkyrkja på Sylte blir flytta til Dale 1673: Norddal med Sunnylven og Geiranger blir skilt ut frå Ørskog som eige prestegjeld 1694: Engeset avløyser Sylte som prestegard 1727: Sunnylven kyrkje på Korsbrekke tatt av snøskred (ny kyrje i 1730) 1744: Ny krosskyrkje bygd i Geiranger 1754: den gamle stavkyrkja på Døving blir erstatta av tømmerbygg 1782: stavkyrkja på Dale blir erstatta av åttekantkyrkje i tømmer 1812: kyrkjebygget på Døving blir flytta til Sylte 1841: Geiranger kyrkje brenn ned, ny åttekantkyrkje blir oppført 1859: ny kyrkje på Hellesylt - mogleg inspirasjon for Sylte kyrkje 1861: Sunnylven med Geiranger blir eige prestegjeld 1863: ny kyrkje blir oppført på Sylte

Kjelder Om Norddal kyrkje på nettstaden kulturnett.no Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Norddal kyrkje, Dale», s. 302

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Nordal kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen Om Norddal kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket - arkivert utgåve

Kategori:Kyrkjer i Austre Sunnmøre prosti Kategori:Kyrkjer i Fjord Kategori:Norske kyrkjer frå 1784 Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Kulturminne i Fjord