miniatyr|Menderes i 1960 Adnan Menderes () var ein tyrkisk politikar. I 1950 vart han den første demokratisk valde statsministeren i Tyrkia. I 1960 vart han avsett i et militærkupp og deretter avretta.

Menderes var jurist. Han arva jord, men selde mykje av den og beheldt berre ein gard, der han innførte moderne jordbruksmetodar og utvikla det til eit mønsterbruk.«Adnan Menderes», Encyclopædia Britannica Online.

Frå byrjinga av 1930-talet var Menderes aktiv i Det republikanske folkepartiet (Cumhuriyet Halk Partisi, CHP), eit kemalistisk parti og då det einaste lovlege partiet i Tyrkia. Han vart vald til nasjonalforsamlinga for CHP. Etter at han vart ekskludert frå CHP i 1945, tok Menderes i 1946 del i skipinga av Det demokratiske partiey (Demokrat Parti), eit sentrum-høgreparti. Menderes leia i 1950 partiet til valsiger.Martin Polley: A to Z of Modern Europe, 1789–1999, London: Routledge, 2000, s. 107. Han vart med det den første demokratisk valde statsministeren i Tyrkia.

I innanrikspolitikken førte Menderes og Det demokratiske partiet ein reformpolitikk, både i økonomien og i den offentlige forvaltninga. I økonomien innebar dette eit brot med den kemalistiske planøkonomien. Partiet godtok samstundes etablerte tradisjonar og islamske skikkar i større grad enn Atatürk og CHP gjorde. Utanrikspolitisk la han Tyrkia tett opp til vestmaktene. Dette leia til at Tyrkia i 1952 vart medlem av NATO. Spørsmålet om sjølvstende for Kypros frå Storbritannia var et anna viktig utanrikspolitisk tema i regjeringstida hans. I 1959 overlevde Menderes ein flystyrt i Storbritannia, dit han var på veg for samtalar om situasjonen på Kypros.1959: «Turkish leader involved in fatal crash», On This Day, BBC News.

Det demokratiske partiet med Menderes i spissen vant valet i 1954 òg, og Menderes vart attvald som statsminister. Landet var i ein vanskelig økonomisk situasjon, ikkje minst fordi regjeringa hadde åpna opp for import frå utlandet, noko som svekka landets eige næringsliv. Menderes byrja å slå ned på kritikare, innførte pressesensur og fengsla journalister. Til trass for aukande motstand vant han likevel igjen valet i 1957.

Då landet i 1960 var stilt overfor ei økonomisk krise, tok Menderes til seg utvida fullmakter, noko som auka den politiske motstanden mot han. Den 2. mai 1960 vart Menderes avsett i eit militærkupp gjennomført av kemalistiske offiserar. Han vart stilt for retten av det nye regimet og dømd til døden.«FACTBOX: Coups in Turkey over last 50 years» , Reuters, 17. oktober 2008. Han freista å ta sitt eige liv, men lukkes ikkje med det. 17. september 1961 var han avretta.

Menderes vart politisk rehabilitert i 1990. Adnan Menderes lufthavn i İzmir er opppkalla etter han.

Kjelder

Kategori:Tyrkiske statsministrar